Off. godkjent sjukepleiar Ørstaheimen, avd. Vallstova
NAVOmsorg og sjukeheim
📍 Ørsta, Møre og Romsdal
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 1 måned siden

Stillingsbeskrivelse
Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar? Ved Vallastova har vi ledig fast stilling frå 16.2.2026.
Vallastova er ei somatiske langtidsavdeling med 24 bebuarar. Avdelinga er lokalisert på Ørstaheimen og vi samarbeider med andre faggrupper i kommunen. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø.
Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarleg medarbeidar som vil trivast i eit hektisk miljø der ein må kunne omstille seg raskt. Du må kunne jobbe sjølvstendig og i team med dyktige kollegaer som støttar kvarandre gjennom heile vakta.
Vi arbeider målretta for å gi individuell pleie og omsorg av høg kvalitet, med fokus på å styrke brukaren si eiga meistringsevne. Fagkompetanse er til stades heile døgnet og året rundt, og vi nyttar oppgåvedeling for å sikre effektiv og fagleg forsvarleg tenesteyting.
Ved god kapasitet på eiga avdeling kan arbeidsoppgåver bli lagt til andre avdelingar, og det må påreknast å bidra på tvers av avdelingar etter behov. Det er mogleg å gå langvakter på helg. Dette vil gi deg fleksibel turnusordning og ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt.
Du vil få nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom fagsystem, e-læring, kurs og fagdagar.
Arbeidsoppgåver
• Vi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet og har fokus på ernæring, sosial aktivisering, tillitsskapande arbeid, velferdsteknologi og trivsel for den enkelte
• Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
• Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
• Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
• Veiledning og opplæring av medarbeidarar
• Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.Kvalifikasjonar
• Off. godkjent sjukepleiar
• Relevant arbeidserfaring er ein fordel
• Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
• Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
• Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
• har eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
• har interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
• tek initiativ og ansvar
• er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
• trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø, der du må kunne omstille deg raskt
• søkjer faglege utfordringar
• har god arbeidskapasitet. Stabilitet vert vektlagd
• har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
• Eit godt arbeidsmiljø
• Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
• Faste fagdagar
• Moglegheit for å jobb langvakter
• Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
• Det kan vere aktuelt å gi rekrutteringstilskot til nytilsette mot bindingstid
• Gode forsikrings- og pensjonsvilkår:
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida.
Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl helgar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 -stillingar med krav om minimum 3-årig høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 sjukepleiar
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Lisa Mari Korsfur Silseth, Avd.leiar Vallastova, 481 32 814, lisa.mari.korsfur.silseth@orsta.kommune.no
Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgata 78
6150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 5044813309
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 16.02.2026
Søknadsfrist: 12.12.2025

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Ørsta, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 måned siden
Om bedriften
O
Omsorg og sjukeheim
Andre stillinger innen samme område
Ørsta kommune
Ørsta, Møre og Romsdal
Heltid
Omsorg og sjukeheim
Ørsta, Møre og Romsdal
Heltid
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Ørsta, Møre og Romsdal
Heltid
Ørsta kommune
Ørsta, Møre og Romsdal
Heltid
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Ørsta, Møre og Romsdal
Heltid