SmakeMeir søker matentusiast!
NAVViteMeir - Vitensenteret i Sogn og Fjordane AS
📍 Kaupanger, Vestland
📂 Reiseliv og mat
📅 Publisert 1 måned siden

Stillingsbeskrivelse
Er du lidenskapeleg oppteken av mat? Er du klar for ein variert og innhaldsrik arbeidskvardag i eit spennande og triveleg arbeidsmiljø?
Har du lyst på ein jobb der ingen dagar er like, og der du får vere med å spre matglede i eit spennande og kreativt miljø? SmakeMeir -- kafeen til ViteMeir -- leitar no etter deg som vil vere med på laget vårt!
Me ser etter ein kjøkkenassistent eller kokk (matentusiast likar me å kalle det) som likar å lage mat frå botnen og som brenn for berekraft, smak og stemning.
Hos oss er det ikkje viktigast kva som står på papiret, men kven du er. Har du erfaring frå matbransjen? Fantastisk. Har du fagbrev? Endå betre. Har du verken eller, men eit ekte engasjement for mat og vilje til å lære? Då vil me høyre frå deg!
Kvifor jobbe hos oss?
ViteMeir er eit vitensenter som inspirerer til leikande læring -- og det gjeld også i kafeen vår. I SmakeMeir lagar me alt frå lunsj og møtemat til catering og selskapsmat. Me jobbar for å redusere matsvinn, brukar lokale og økologiske råvarer, og lagar mat med både hjartet og hovudet.
Du vil bli ein del av eit engasjert team og arbeidsoppgåvene dine vil vere varierte: matlaging, planlegging, servering og tilrettelegging for arrangement.
Me ser etter deg som:
• Elskar å lage mat
• Er ein lagspelar -- og likar å jobbe saman med andre
• Har godt humør og ei dose kvardagsironi (tørr humor går fint, berre ikkje tørr mat 😉)
• Er fleksibel, effektiv og løysingsorientert
• Er nysgjerrig, initiativrik og tek ansvar
Dette tilbyr me:
• Fast stilling i 50--100 % etter avtale
• Variert og utviklande arbeidskvardag
• Kreativt og inkluderande arbeidsmiljø
• Primært arbeid på dagtid, noko kveld og helg
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Løn etter avtale
Praktisk info:
• Søknadsfrist: 2. januar 2026
• Oppstart: snarast, eller etter avtale
• Arbeidsstad: ViteMeir på Kaupanger i Sogndal kommune
• Du må legge fram politiattest ved oppstart
• Har du spørsmål?
Ta kontakt med Leiar for mat og drikke, Lise Sundberg, lise.sundberg@vitemeir.no , tlf. 908 43 828
• Søknad med CV skal sendast til jobb@vitemeir.no

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Reiseliv og mat
- Sted
- Kaupanger, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 måned siden
Om bedriften
V
ViteMeir - Vitensenteret i Sogn og Fjordane AS
Andre stillinger innen samme område
Avarn Security Aviation AS
Kaupanger, Vestland
Heltid
Byggmeister Tore Hovland AS
Kaupanger, Vestland
Heltid
Medvind Assistanse AS
Rådal, Vestland
Heltid