Maskinsjef i sambandet Jondal-Tørvikbygd, p.t. MF Samlafjord
NAVFjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
📍 Hundvin, Vestland
📂 Transport og lager
📅 Publisert 1 måned siden

Stillingsbeskrivelse
Vi søkjer ein engasjert og kompetent maskinsjef til vår moderne, elektriske ferje MF Samlafjord, som trafikkerer sambandet mellom Jondal og Tørvikbygd.Fartøyet blei bygd i 2019 og har batteri som primær energikjelde i
framdriftssystemet. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere
utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.
Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og
teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av
maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg
driftssikkerheit på sambandet.
Arbeidet gir deg ein variert kvardag der du får brukt din tekniske
kompetanse og erfaring i praksis, samtidig som du får moglegheita til å utvikle
deg vidare i eit fagmiljø med høg kvalitet.
Du blir del av eit team med dyktige og hjelpsame kollegaer, og får jobbe med
framtidsretta teknologi i eit rederi som er blant dei leiande i landet. Her får
du verdifull erfaring og gode karrieremoglegheiter i ei næring som er i stadig
utvikling.
Arbeidsoppgåver
• Teknisk leiar med ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav.
• Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem.
• Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden.
• Opplæring av personell under si leiing.
• Oppgåver knytt til alarminstruks.
• Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt.
• Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar.
• Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn.
• Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav.
• Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
• Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert.
• Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde.
Kvalifikasjonar
• Minimum M3-sertifikat
• Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
• Krise- og passasjerhandtering
• Gyldig helseerklæring
• Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
• Vi ser etter ein sjølvstendig og løysingsorientert maskinsjef med teknisk
innsikt og gode leiareigenskapar. Du er ansvarsbevisst og nøyaktig, og
handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik. Samarbeidsevne og
eit sterkt fokus på sikkerheit er avgjerande hos oss.
Vi tilbyr
• Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
• Fast stilling i eit anerkjent og solid selskap.
• Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
• Attrakive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar.
• Skiftordning: Døgnskift - 2 veker på og 2 veker av.
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.no
Arbeidsstad
Kvalvågnesvegen 681
5956 Hundvin
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5047390514
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.12.2025

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Transport og lager
- Sted
- Hundvin, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 måned siden
Om bedriften
F
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Andre stillinger innen samme område
Medvind Assistanse AS
Rådal, Vestland
Heltid