Spesialpedagog
NAVTenesteområde Pedagogisk fagsenter, Haram kommune
📍 Brattvåg, Møre og Romsdal
📂 Utdanning
📅 Publisert 1 måned siden

Stillingsbeskrivelse
Vil du vere med å skape inkluderande barnehagar der alle barn får utvikle seg og oppleve meistring?
Pedagogisk fagsenter i Haram søker ein dyktig og utviklingsorientert spesialpedagog i 100 % fast stilling frå 01.01.26.
Som spesialpedagog hos oss får du ei unik rolle med todelt ansvar. Du har ansvar for gjennomføring av spesialpedagogisk hjelp etter einkeltvedtak og blir ein sentral støttespelar i barnehagen – med fokus på språkstimulering, gode leikemiljø og inkluderande praksis. Arbeidet ditt skal særleg styrke tilbodet til fleirspråklege barn.
Du vil hovudsakleg ha arbeidsstad i barnehagen, der du samarbeider tett med personalet for å skape eit miljø for omsorg, utvikling og læring for alle barn. Arbeidet omfattar både spesialpedagogiske tiltak og allmennpedagogiske strategiar som fremjer inkludering med særleg fokus på språkleg utvikling. Arbeidet ditt vil ha direkte betydning for både einkeltbarn og fellesskapet. Målet er å kome tidleg inn og bidra til auka kvalitet på det ordinære tilbodet.
Som spesialpedagog arbeider du i ein eller fleire barnehagar i heile Haram kommune. I fagsenteret sin kontorbase har vi felles plantid, teamarbeid, kompetanseheving og erfaringsutveksling i eit sosialt og fagleg miljø.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
• Vere ein ressurs i arbeidet med å skape inkluderande og utviklingsstøttande miljø for alle barn, med særleg fokus på vidareutvikling av omgrepsforståing og ordforråd hos fleirpspråklege for å styrke språkleg utvikling.
• Støtte personalet i å utvikle gode rutinar og praksisar som fremjer trivsel og tryggleik i barnegruppa.
• Bidra til å styrke det ordinære pedagogiske tilbodet gjennom fagleg rettleiing og samarbeid.
• Gi personalet større handlingsrom i kvardagen gjennom struktur, refleksjon og praktiske løysingar.
• Delta i førebyggande innsats som fremjer tidleg støtte og god utvikling i barnegruppa.
• Delta i aktuelle møte og planarbeid med barnehagar i kommunen.
• Følge opp, gjennomføre og organisere innhald og omfang av enkeltvedtak i tråd med barnehagelova, rammeplan og barnekonvensjonen.
• Utarbeide, gjennomføre og evaluere mål og tiltak ved bruk av plan for spesialpedagogisk oppfølging.
• Sikre godt samarbeid med føresette og barnehagepersonalet.
• Implementere tiltak gjennom heilskapleg pedagogisk tilrettelegging, og sjå samanheng mellom spesialpedagogiske og allmennpedagogiske tiltak.
• Vere drøftingspartnar og delta i tverrfagleg samarbeid og utviklingsarbeid.
• Aktiv deltaking i team og utviklingsarbeid i eiga teneste.
Kvalifikasjonar
• Bachelor i barnehagelærar med vidareutdanning innan spesialpedagogikk/ Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk/ Barns språkutvikling og språklæring (minimum 60 stp).
• Anna relevant pedagogisk bachelorgrad med vidareutdanning (minimum 60 stp) kan bli vurdert.
• Erfaring frå barnehage og arbeid med både spesialpedagogiske og allmennpedagogiske tiltak.
• Kompetanse eller erfaring med språkstimulering, fleirspråklege barn og inkluderande praksis.
• Erfaring med utvikling av leikemiljø og universell utforming er ein fordel.
• Må ha sertifikat og disponere eigen bil.
• Politiattest påkrevd.
• Bestått norskprøve på nivå B1 eller høgare.
Personlege eigenskapar
Vi søker spesialpedagog som :
• Er god på relasjonsbygging, kommunikasjon og samarbeid.
• Er kreativ og arbeider målretta og sjølvstendig.
• Er fagleg fokusert og evnar å vidareformidle og rettleie.
• Har særleg interesse for det spesialpedagogiske fagfeltet og kan bidra til innovativ utvikling og læring.
• Har evne og vilje til å tileigne deg fagkunnskap på relevante tema/fagområde.
• Har gode skriftlege og munnlege framstillingsevner.
• Har god kjennskap til IT-system og e-læringsverktøy.
• Referansar og personlege eigenskapar vil verte vekta.
Vi tilbyr
• Eit høgt fagleg nivå med rom for eigen utvikling og læring.
• Gode pensjons- og forsikringsordningar.
• Gode velferdsordningar.
• Godt sosialt miljø med gode kollegaer.
• Spennande utfordringar både fagleg og sosialt.
• God rettleiing og oppfølging.
• Løn etter avtale.
Kontaktinformasjon
Xenia Heaceaturean-Aas, Tenesteleiar, 90271899, xenia.haceaturean-aas@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Strandgata 40
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5044775895
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.12.2025

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Utdanning
- Sted
- Brattvåg, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 måned siden
Om bedriften
T
Tenesteområde Pedagogisk fagsenter, Haram kommune
Andre stillinger innen samme område
Medvind Assistanse
Brattvåg, Møre og Romsdal
Heltid
REMA 1000 Brattvåg
Brattvåg, Møre og Romsdal
Heltid
REMA 1000 Moa
Ålesund, Møre og Romsdal
Heltid
REMA 1000 Gåseid
Ålesund, Møre og Romsdal
Heltid