Seniorkonsulent (vikariat) i studieseksjonen ved Det psykologiske fakultet
NAVUniversitetet i Bergen
📍 Bergen, Vestland
📂 Kontor og økonomi
📅 Publisert 1 måned siden

Stillingsbeskrivelse
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgASeniorkonsulent
Det psykologiske fakultet ønskjer deg velkomen som søkjar til eit vikariat i 100 % stilling knytt til studieadministrative arbeidsoppgåver, med tilsetjing snarast mogleg. Vikariatet har ei varigheit på 12 månader. Stillinga høyrar til studieseksjonen ved fakultetet og har sin arbeidsplass i Christies gate 12.
Arbeidsoppgåver:
• Planlegge, koordinere og utføre praktisk arbeid omkring eksamensavviklinga
• Rettleiing, sakshandsaming og kvalitetsarbeid knytt studieseksjonen sitt ansvarsområde
• Inngå i fakultetet sin førstelineteneste, som inneber å: • Organisere og drifte mentorordninga ved fakultetet, som betyr å rekruttere, gjennomføre opplæringa, samt følgja opp mentorane undervegs i tilsetjingsperioden
• delta i planlegging og koordinering av mottak for nye studentar
Stillinga kan bli tillagt andre arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Du må ha:
• minimum bachelorgrad. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle vege opp for utdanningskravet.
• god administrativ IT-kompetanse.
• god skriftleg og munnleg framstillingsevne, både på norsk (begge målføre) og engelsk.
Det er ein føremon om du har:
• god kjennskap til universitets- og høgskulesektoren og offentleg forvaltning.
• erfaring frå studieadministrativt arbeid og sakshandsaming innan offentleg forvaltning.
• kjennskap til Felles Studentsystem (FS), Inspera og andre digitale verktøy.
Personlege eigenskapar:Du er
• sjølvstendig og strukturert
• fleksibel og serviceinnstilt
• systematisk, initiativrik og løysingsorientert
og har
• gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt
Vi kan tilby:
• Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
• Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i årsløn kr 586 100 - 620 000 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
• Medlemsskap i Statens pensjonskasse
• Gode velferdsordningar
Søknaden må innehalde:
• Søknadsbrev med utgreeing av bakgrunn og motivasjon for å søke stillinga
• CV
• Karakterutskrift og vitnemål
• Relevante attestar
• Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
• fungerande seksjonsleiar i studieseksjonen, Hege Sygna, hege.sygna@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Kontor og økonomi
- Sted
- Bergen, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 måned siden
Om bedriften
U
Universitetet i Bergen
Andre stillinger innen samme område
Mio BPA
Bergen, Vestland
Heltid
Stiftelsen Kulturhuset USF
Bergen, Vestland
Heltid
Aberia Ung AS
Bergen, Vestland
Heltid