Barnehagelærar
NAVOsterøy kommune
📍 Valestrandsfossen, Vestland
📂 Utdanning
📅 Publisert 1 måned siden
Barnehagelærar
NAVOsterøy kommune
📍 Valestrandsfossen, Vestland
📂 Utdanning
📅 Publisert 1 måned siden
Stillingsbeskrivelse
Om stillinga
Hauge barnehage ligg sentralt og fint til på Hauge og er den nyaste barnehagen på Osterøy. Vi har eit stort og flott uteområde med variert terreng og bålhytte, eigen lavvo og kort veg til fine turområder. Barnehagen har to småbarnsavdelingar og to storbarnsavdelingar med tilsaman 76 barn og 21 tilsette.
Ei av våre dyktige medarbeidarar skal ha foreldrepermisjon og vi søker derfor etter barnehagelærar i vikariat i 100% stilling frå 1.januar til 31.oktober 2026. Vikariatet kan bli noko forlenga.
I Hauge barnehage vil du vere ein del av eit inkluderande og engasjert miljø som er opptatt av å skape ein trygg og meiningsfull kvardag for barna. Ei viktig oppgåve som tilsett hos oss er evne til å byggje gode relasjonar gjennom å møte alle barn med varme og tydelege forventningar.
Vi vektlegg gode leike- og læringsmiljø inne og ute, og gir barna rike naturopplevingar som inspirasjon for leik og læring gjennom året. Vi jobbar kontinuerleg med å utvikle praksisen vår gjennom ulike kompetanseutviklingsprosjekt. Inneverande barnehageår har vi fokus på leiarutvikling for pedagogane og betre kvalitet gjennom pedagogisk dokumentasjon.
I vår barnehage vil du møte kollegaer som brenn for jobben sin og som trivst godt saman. For oss er det viktig å skape eit godt arbeidsmiljø og spele på lag med kvarandre.
Vi ser etter deg som er genuint opptatt av barn, og som har eit ønskje om å vere med å bidra i det gode arbeidet vi gjer!
Arbeidsoppgåver
• Samarbeide tett med andre pedagogar og delta aktivt i utvikling av vårt pedagogiske tilbod
• Ansvar for å planlegge, tilrettelegge, organisere, gjennomføre og evaluere det pedagogiske tilbodet til barna i tråd med rammeplanen
• Støtte og vere tilstades for barn i leik og alvor
• Arbeide systematisk for å sikre eit godt og nært foreldresamarbeid
• Bidra til godt arbeidsmiljø og til kollektiv kompetanseutvikling i barnehagen
• Vere ein god rollemodell og kunne rettleie kollegaer i det pedagogiske arbeidet
• Skriftleg arbeid, til dømes planarbeid og individuell utviklingsplan for enkeltbarn
• Delta i daglege gjeremål på avdelingane og ha medansvar for samarbeid mellom avdelingar og personalet.
Vi tilbyr
• Fagleg utvikling og tett samarbeid mellom kollegaer
• Godt arbeidsmiljø og ein lærande organisasjon
• Dedikerte, engasjerte og positive kollegaer
• Tarifflønn, offentleg pensjonsordning og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
• Ein arbeidsplass som er inkluderande arbeidsliv (IA) bedrift
Kvalifikasjonskrav
• Bachelorutdanning som barnehagelærar er eit krav
• Grunnleggande datakunnskaper
• Gode norskkunnskaper, muntleg og skriftleg, jf. Barnehagelova §27
Kven er du?
• Du er fagleg sterk og evner å setje om planar til praksis
• Du let barna medverke i val av pedagogisk innhald, og er god i leik og samspel med barna
• Du evner å ha overblikk over barnegruppa og skape inkluderande fellesskap
• Du er engasjert og god på å samarbeide og kommunisere med foreldre og kollegaer
• Du bidreg til større fagleg utvikling i heile personalgruppa
• Du er positiv, fleksibel og utprega løysingsorientert
• Du er lojal og bevisst di profesjonelle rolle i barnehagen
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Utdanning
- Sted
- Valestrandsfossen, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 måned siden
Om bedriften
O
Osterøy kommune
Andre stillinger innen samme område
Extra Valestrand
Valestrandsfossen, Vestland
Heltid
Osterøy kommune
Valestrandsfossen, Vestland
Heltid
Medvind Assistanse AS
Rådal, Vestland
Heltid