Vil du jobbe med sikkerheit og risikostyring i helsesektoren?
NAVIKT-Sikkerhet, Helse Vest IKT
📍 Haugesund, Rogaland
📂 Bygg og anlegg
📅 Publisert 1 måned siden

Stillingsbeskrivelse
Helse Vest IKT er eit av dei største IKT-miljøa på Vestlandet, og er totalleverandør av IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Vi stiller høge krav til stabilitet, kvalitet og sikkerheit, og med om lag 1300 system og over 30 000 sluttbrukarar, er vi ein sentral aktør i helsesektoren.
I Seksjon for IKT-Sikkerhet jobbar 18 engasjerte medarbeidarar med risikostyring, hendingshandtering, styringssystem og tryggingskultur. Seks av desse arbeider primært med ROS-prosessar og risikostyring. No søkjer me ein Sikkerhetsrådgiver som ønskjer å bidra i eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag.
🔐 Me søkjer no ein Sikkerhetsrådgiver som vil vera med på å verna kritisk infrastruktur i helsesektoren. Hos oss får du ei sentral rolle i arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalysar, styringssystem for informasjonstryggleik og personvern (GRC), internkontroll og tryggingskrav i anskaffingar. Du vil påverka korleis helse-IKT blir utvikla og sikra i åra som kjem.
Helse Vest IKT har kontor i Stavanger, Haugesund, Førde og Bergen, og arbeidsplassen din vil vere i ein av desse byane.
Arbeidsoppgåver
• Gi råd, vera pådrivar og bidra til god informasjonstryggleik og personvern på tvers av organisasjonen.
• Planleggja, leia og fasilitera risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS) som støttar sikker og stabil drift.
• Vidareutvikle og operasjonalisera styringssystem for informasjonstryggleik og personvern.
• Opplæring og haldningsskapande arbeid innan informasjonstryggleik.
• Vere med på å byggja god tryggingskultur – bidra til at tryggleik blir opplevd som ein naturleg del av arbeidskulturen.
• Gi fagleg rådgiving i prosjekt, og sikre at tryggingskrav blir vareteke i anskaffingar og oppfølging av leverandørar.
• Forbetre og effektivisera arbeidsprosessar kontinuerleg.
Kvalifikasjonar
• Høgare utdanning frå universitet eller høgskule innan informasjonssikkerheit, teknologi, samfunnssikkerheit eller anna relevant retning, eller solid relevant arbeidserfaring som kan kompensere for dette.
• Du har interesse for informasjonssikkerheit og ei nysgjerrigheit på korleis teknologi, risiko og organisasjon heng saman.
• Du handterer komplekse problemstillingar på ein strukturert måte
• Du har god munnleg og skriftleg formidlingsevne – både på norsk og engelsk.
• Du må kunne sikkerheitsklarerast, og politiattest vil bli innhenta.
Det er ein fordel om du òg har erfaring med eitt eller fleire av desse områda:
• Strategisk, teknisk eller operativ informasjonssikkerheit, gjerne frå komplekse organisasjonar.
• Erfaring med risikostyring og risikovurderingar (ROS).
• Utforming og forvaltning av styringssystem for informasjonssikkerheit, personvern og internkontroll.
• Kunnskap om relevante standardar og rammeverk (ISO 27001, NSMs grunnprinsipp for IKT-sikkerheit, NIS2, TOGAF, CIS, CISSP og liknande)
• Bransjespesifikke krav, som GDPR, helselovgiving og regulatoriske rammeverk for sikkerheit og datalagring.
• Erfaring med revisjonar, internkontroll eller vurdering av modnad.
Personlege eigenskapar
• Du trivst med å samarbeide i tverrfaglege team, men tek òg sjølvstendig ansvar for eigne oppgåver.
• Du er strukturert, påliteleg og følger opp det du tek på deg.
• Du bygger gode relasjonar, bidreg til eit positivt arbeidsmiljø, og deler gjerne kunnskap med andre.
Det er ikkje krav om at du kan alt. Me ser etter potensial og motivasjon; personlege eigenskapar og motivasjon for fagfeltet vil bli vektlagd.Vi tilbyr
• Eit sterkt fagmiljø innan IKT-sikkerheit, risikostyring og personvern – der du får jobbe med dedikerte kollegaer og samfunnskritiske problemstillingar.
• Moglegheiter for vidareutdanning og sertifiseringar.
• Løn etter gjeldande avtaleverk.
• Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
• Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling – gjennom kompetansedeling, kurs og vidareutdanning.
• Fleksibel arbeidskvardag med moglegheit for heimekontor.
🎓 Vi oppmodar alle søkarar til å bruke Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter. Dersom du har utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Søknader vil bli vurdert fortløpande.Kontaktinformasjon
Knut Gjærde, Seksjonsleder, +47 91677866
Arbeidsstad
Øvregata 126
5527 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKT
Referansenr.: 5050067360
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.01.2026

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Bygg og anlegg
- Sted
- Haugesund, Rogaland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 måned siden
Om bedriften
I
IKT-Sikkerhet, Helse Vest IKT
Andre stillinger innen samme område
Westcon Løfteteknikk
Haugesund, Rogaland
Heltid