Sjukepleiar
NAVSengepost Medisin 2 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sjukepleiar
NAVSengepost Medisin 2 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingsbeskrivelse
Grunnet endring i struktur får vi ledig fleire stillingar hos oss. Oppgi gjerne kva stillingsstorleik du ser for deg.
1 x 100 % fast stilling3 x 80 % fast stilling1 x 70 % fast stilling p.t arbeid på natt
Tryggleik, respekt, kvalitet og trivsel er kjerneverdiar i vårt daglege arbeid i møte med pasientar, pårørande og i samarbeid med kollegaer. Vi er ein sengepost med fokus på høg fagleg kvalitet, engasjement og eit godt og trygt arbeidsmiljø. Vi jobber saman i team der vi lærer av kvarandre og gjer kvarandre gode. Fagutvikling er i fokus, og vi legg opp til eigne fagdager i turnus for alle tilsette.
Vi har i utgangspunktet tredelt turnus, men vi vil leggje til rette for at tilsette kan kome med ønskjer for eigen turnusplan. Vi tilbyr også langvakter med arbeid kvar fjerde helg for dei som ønskjer det. Som tilsett hos oss vil du få ein variert arbeidskvardag med moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
Bli med på laget!
Sjekk vår instagram @medisin2.snr
Arbeidsoppgåver
• Sjukepleie til akutte og kronisk sjuke pasientar
• Sjukepleieadministrative oppgåver
• Legemiddelhandtering
• Ivaretaking av pasientane sine behov for heilskapleg omsorg
• Arbeid i team rundt pasienten
• Kontinuerleg forbetringsarbeid
• Rettleiing av studentar og kollegaer
• Samhandling med kommunar
Kvalifikasjonar
• Autorisert sjukepleiar
• Meistrar norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
• Du er positiv og har gode samarbeidsevner
• Du arbeider både sjølvstendig og i team
• Du er motivert for å utføre varierte arbeidsoppgåver
• Du bidreg til fagleg utvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid
• Du er ansvarsbevisst
• Du er påliteleg og lojal
• Du er løysingsorientert
• Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
• Eit godt og positivt arbeidsmiljø
• Dyktige og engasjerte medarbeidarar
• Spanande og varierte arbeidsoppgåver
• Faglege utfordringar
• Fagutvikling og kompetanseheving
• Fagdagar i turnus
• Sterkt tverrfagleg samarbeid
• Ein inkluderande arbeidsplass
• Løn etter gjeldande overeinskomstar
• Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Mathilde Stranden, Seksjonsleiar, +47 71 11 69 92, Mathilde.Stranden@helse-mr.no
Arbeidssted
Opdølvegen 4
6450 HJELSET
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5040287509
Stillingsprosent: 100, 80, 70%
Fast
Startdato: 12.01.2026
Søknadsfrist: 15.12.2025
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Hjelset, Møre og Romsdal
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 måned siden
Om bedriften
Sengepost Medisin 2 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Andre stillinger innen samme område
Psykosebehandling SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Radiologi kontor SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sengepost Medisin 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Sjukepleiar
NAVAkutt psykisk helsevern SNR, Helse Møre og Romsdal HF