Lærar fast stilling 80 %
NAVVoss herad Skulestad skule
📍 Skulestadmo, Vestland
📂 Utdanning
📅 Publisert 1 måned siden
Lærar fast stilling 80 %
NAVVoss herad Skulestad skule
📍 Skulestadmo, Vestland
📂 Utdanning
📅 Publisert 1 måned siden
Stillingsbeskrivelse
Voss herad – Skulestad skule
Lærar med ansvar for skulesymjing
Fast stilling, 80 %
Voss herad søkjer ein engasjert og fagleg sterk lærar til å leie og vidareutvikle skulesymjinga for barneskulane i kommunen. Stillinga er organisatorisk knytt til Skulestad skule, men hovudarbeidsstaden vil vere Vossabadet.
Me ser etter ein person som trivst i bassenget, har god elevleiing og sterk formidlingsevne, og som samtidig kan byggje gode system og samarbeidsstrukturar på tvers av skulane. Dette er ei særleg spennande moglegheit for deg som ønskjer å kombinere praktisk undervisning med fagutvikling og koordinering.
Stillinga er den einaste i sitt slag i Voss herad – ei sjeldan moglegheit til ei unik lærarrolle der du kan vere med og forme framtidas skulesymjing.
Arbeidsoppgåver• Planleggje, gjennomføre og evaluere skulesymjing for elevar på 1.–7. trinn
• Samarbeide med kontaktlærarar, kroppsøvingslærarar og leiing ved dei ulike skulane
• Bidra til utvikling av felles opplegg, vurderingspraksis og tryggleiksrutinar
• Ha ansvar for koordinering mot Vossabadet, inkludert timeplanar, kommunikasjon og utstyr
• Medverke til at alle elevar får ei trygg, inkluderande og motiverande symjeopplæring
Kvalifikasjonar• Godkjend undervisningskompetanse for 1.–7. trinn, gjerne allmennlærar eller GLU 1–7
• Formell kompetanse i idrett/kroppsøving eller tilsvarande
• Svært gode symjedugleikar og tryggleik i vatn
• Erfaring frå symjeopplæring er ein fordel
• God systemforståing og evne til å skape struktur og samarbeid mellom fleire einingar
Personlege eigenskapar• Tydeleg og trygg klasseleiar – også i bassenget
• Strukturert, sjølvstendig og med gode samarbeidsevner
• Initiativrik, løysingsorientert og utviklingsretta
• Positiv og inkluderande i møte med elevar, kollegaer og samarbeidspartnarar
Me tilbyr• Eit fagleg engasjert kollegium og godt arbeidsmiljø
• Moglegheit til å vere med å utvikle eit heilskapleg symjeopplæringstilbod i Voss herad
• Løn og tilsetjingsvilkår etter gjeldande avtaleverk
• God pensjonsordning
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Søknad
Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller takast med ved evnt. intervju. I fylgje offentlegheitslovene § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Utdanning
- Sted
- Skulestadmo, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 måned siden
Om bedriften
V
Voss herad Skulestad skule
Andre stillinger innen samme område
Medvind Assistanse AS
Rådal, Vestland
Heltid