Psykisk helsearbeidar
NAVPsykisk helse, Gloppen kommune
📍 Sandane, Vestland
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 1 måned siden
Psykisk helsearbeidar
NAVPsykisk helse, Gloppen kommune
📍 Sandane, Vestland
📂 Helse og sosial
📅 Publisert 1 måned siden
Stillingsbeskrivelse
Vi har ledig vikariat i 100 % stilling som psykisk helsearbeidar frå snarast
Psykisk helseteneste yter tenester til menneske i
alle aldrar som av ulike årsaker har utfordringar knytt til den psykiske helsa.
Det kan mellom anna vere akutte kriser, langvarig sjukdom, vanskelege
livvsituasjonar eller andre tilhøve som gjer at ein treng psykisk helsehjelp.
Tenesta tilbyr m.a individuell oppfølging, dagaktvitetstilbod, samarbeid med
andre instansar og oppfølging av pårørande. Tenesta yter hjelp ut i frå kvar
enkelt pasient sine behov, ressursar og mål. Arbeidet skal fremje god
livskvalitet, sjølvstende og meistring av eige liv.
Psykisk helseteneste er samlokalisert og samorganisert med barnevernstenesta, PPT, fysio- og ergoterapitenesta og helsestasjons- og skulehelsetenesta i Familiehuset.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene består primært av oppfølging av barn og unge, mellom anna med samtalar og samarbeid med
pårørande og andre tenester. Det vil likevel vere behov for fleksibilitet og
arbeid med vaksne må påreknast. Det er i tillegg forventa at ein utfører andre
arbeidsoppgåver som er relevante i drift av tenesta.
I arbeidet må ein mellom anna gjere kartleggingar, utforme mål basert på
faglege vurderingar, drive psykoedukasjon og arbeide aktivt med modellar og
verktøy som kan hjelpe den enkelte pasient å nå målet ein har utforma.
Eventuelle endringar i drift av tenestetilbodet kan forekome og stillinga vil i
så tilfelle tilpassast dette.
Arbeidstid: Dagarbeid
Kvalifikasjonar
Vi ynskjer at du
• har minimum 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning eller anna relevant utdanning, gjerne med relevant vidareutdanning.
• har kompetanse på relevante metodar (eks Cool Kids)
• har kompetanse om psykisk helse og kan utvikle tiltak med grunnlag i faglege vurderingar
• evnar å jobbe sjølvstendig
• kan samarbeide i team
• har kompetanse på samtalar med barn
• er positiv til å handtere nye utfordringar
• har kompetanse på relasjonsbygging
• har høg arbeidskapasitet og tåler ein arbeidskvardag med høgt tempo og uforutsigbarhet
• evnar å stå i utfordringar over tid
• er løysingsorientert
• er fleksibel og tåler raske omstillingar
• har god skriftleg og muntleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
• Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
• For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Synnøve Grov, Avdelingsleiar psykisk helse, +47 977 06 875
Arbeidsstad
Grandavegen 9
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5040247294
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.02.2026
Sluttdato: 31.01.2027
Søknadsfrist: 14.12.2025

Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Sandane, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 måned siden
Om bedriften
P
Psykisk helse, Gloppen kommune
Andre stillinger innen samme område
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
Sandane, Vestland
Heltid