Sjukepleiar 100% fast på Husnestunet
NAVKvinnherad kommune Husnestunet
Sjukepleiar 100% fast på Husnestunet
NAVKvinnherad kommune Husnestunet
Stillingsbeskrivelse
Stillinga er primært i 2- delt turnus, med langvakter kvar 4. helg.
Kvinnherad kommune har heiltid som føretrekt løysing, men nyttar også deltid etter vurdering av tilsette sine ønske og behov, og naudsynt fleksibilitet i tenestene.
Skriv difor i søknaden kva stillingsstorleik som er ønskjeleg og passar deg best, og i kva grad du er flkesibel om dette.
Arbeidsstad er på Gruppe 3, korttid/rehabilitering, men ein må vere fleksibel og kunne jobbe på andre avdelingar ved behov og etter avtale med leiar.
Tilsetting - 26. januar 2026
Arbeidsoppgåver:• Utøva helsefaglege oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav.
• Heilskapleg omsorg og pleie.
• Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling.
• Dokumentasjon av tenesta vi yt.
• Legemiddelhandtering.
• Rettleie kollegaer, studentar og skuleelevar.
Kvalifikasjonar:• Har autorisasjon som sjukepleiar, eller vernepleiar.
• Er trygg og sjølvstendig i faget.
• Har evne til å sjå både detaljar og heilskap i pasientomsorga.
• Bidrar til eit positivt arbeidsmiljø – også når det er travelt.
• Trivst med variasjon og kan handtere uforutsigbare situasjonar.
• Er nysgjerrig på utvikling og ser moglegheiter i ny teknologi.
• God IT kunnskap.
• Ha god norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
• Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
• Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
• Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
• Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
• Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
• Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
• Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet (buisunnhordland.no)
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Kontaktperson for stillinga:Siv Kristin Handeland
Tlf.: 90568941
siv.kristin.handeland@kvinnherad.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Stillingsdetaljer
- Kategori
- Helse og sosial
- Sted
- Rosendal, Vestland
- Arbeidstid
- Heltid
- Arbeidssted
- På arbeidsplass
- Ansettelsestype
- Fast stilling
- Publisert
- 1 måned siden
Om bedriften
Kvinnherad kommune Husnestunet
Andre stillinger innen samme område
Kvinnherad kommune Husnestunet
Kvinnherad kommune Rosendalstunet
Kvinnherad kommune Administrasjon
Kvinnherad kommune Halsnøytunet
Kvinnherad kommune Heimetenester Husnes